Arne Hjeltnes LobNobs-cakes

Tusen takk til Arne for en spesiell oppskrift!

Oppskrift

Ingredienser til 3-4 porsjoner:

  • 500 gr LobNobs (eit super produkt om eg må seia det personleg)
  • 60 gr brødsmular, helst ferske (men viss du er sunnmøring kan du ta gamalt brød)
  • 0,75 dl mjølk
  • 0,5 dl majones
  • 1 egg, piska
  • 2 ss finhakka fersk persille
  • 2 ss finhakka vårløk med stilk
  • 0,5 ts bakepulver
  • 0,5 ts salt
  • 0,25 ts finmalt kvit pepar
  • 2 ss smør
  • 2 ss olivenolje
  • 1 finhakka chili (ein liten viss du er ei pingle)

Tartarsaus

  • 2 dl majones
  • 2 dl rømme
  • 0,5 ts sennep
  • 1 sjarlottlauk (what else?)
  • 1 sylteagurk
  • 1 ss finhakka dill
  • 1 ss finhakka persille
  • 0,5 ts hakka eller tørka estragon
  • 1 dash tabascosalt og kvit pepar

Slik gjer du det:

  1. Ha LobNobsen i kjøkenmaskinbollen, bland i brødsmulane, hell mjølka over.
  2. Hell i majones, egg, persille, vårløk, bakepulver, salt, pepar og chili.
  3. Bland dette forsiktig (ikkje på 10, men på halv fart).
  4. Form denne massen til små, koselege kaker, legg dei på eit fat dekka med matpapir, legg matpapir over dei og la dei stå ein time i kjøleskåpet ditt.
  5. Rull deretter kakene i kveitemjølet og steik dei fire minuttar på kvar side på god varme.